Heisann!
Eg er ein mann på 57 år som har vore så heldig å få draumejobben som barne- og ungdomsarbeidar i Begnadalen barnehage. I den samband ser eg etter ein enkel hybel, hybelleilegheit eller eit lite krypinn i nærområdet. Eg er veldig fleksibel på starttidspunkt og kan flytte inn når det passar for deg.S
idan 2018 har eg og kona hatt campingvogn på fastplass på Morudstranda, så eg er godt kjend i bygda og er her for å bli. I praksis blir eg vekependlar – det betyr at eg treng ein enkel base i vekedagane, medan helgane blir tilbrotne enten på Morudstranda eller heime i Lærdal.
Kva eg ser etter:
Område: Primært på strekninga mellom Bagn og Nes i Ådal (for å unngå bomstasjonen i Bagnskleiva på E16 i den daglege jobbpendlinga). Bustader i Etnedal og Nord-Aurdal (Aurdal/Fagernes) er også av stor interesse dersom det rette krypinnet dukkar opp.
Standard: Enkelt og funksjonelt med kokemoglegheiter. Høg luksusstandard er eg ikkje oppteken av. Sidan eg har bil, gjer det ingenting med litt køyreveg!
Økonomi og fasilitetar: Eg ser i utgangspunktet etter noko som er lite og rimeleg, men prisen er fleksibel alt etter kva som følgjer med. Det er eit stort pluss dersom det er møblert,.
Om meg:Eg er ein roleg, vaksen og påliteleg leietakar som garanterer ein ryddig leigeavtale og tek godt vare på bustaden.
Høyrer gjerne frå deg dersom du har noko som kan passe, eller om du veit om noko!
Med venleg helsing,
Per Arne Skjeldestad
Tlf:
915 xx xxx915 xx xxx (kontakt via e-post)E-post:
Publisert: