Link til finn:
https://www.finn.no/realestate/leisuresale/ad.html?finnkode= [nummer] Koselig og funksjonell hytte uten innlagt strøm eller vatn i rolige og barnevennlige omgivelser.
Hytta har 3 soverom med 6 sengeplasser, kombinert kjøkken og stue, ytter og inner gang og ei bod.
Godt vedlikeholdt med ny kledning og lister på sør og vestvegg samt att heile hytta vart malt høsten 2021.
Alt inventar følger med inkludert verktøy og utstyr i uteboden, her er det meste både til snømåking og vedlikehold.
Aggregat følger med og.
Utebod vart oppført av forrige eigar med toalett, den er ikkje innredet og her er det mange muligheter. Kva med ei badstue?
Hytta ligg usjenert til med flott utsikt nedover Nordalen, her er det sol heile året.
Kjempe flotte turmuligheter sommer som vinter og gode fiskemuligheter.
Vinter blir det preppa løype inn i fjellet og det er ca 600m til lysløype ved parkering
Beliggenhet
Eigedommen ligg lengst inne i Indre Norddalen. Tomta er ei av få bebygde fritidseigedommar i området.
Hovudbruket har aktiv landbruksdrift
med kulturlandskap.
Det er gode høve for turar i omkringliggande fjellområde. Like ved er det etablert ei lysløype, og skiløype også innover fjellet, like ved denne eigedommen.
Det er gode fiskemuligheter.
Til kommunesenteret Dale er det omlag 13 km. Dale er administrasjonsstad for kommunen med ca. 1.200 innbyggjarar. I Dale
ligg kommuneadministrasjonen og ulike andre offentlege kontor, vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule. Idrettshall er lokalisert ved
den vidaregåande skulen. Tettstaden har elles eit godt utval i service- og butikkar, og ulike service-/næringsverksemder. Dale sentrum har i dei
siste åra hatt nokre viktige nyetablering av bedrifter innan energibransjen, med Hansen Technologies som den største. Talet på arbeidsplassar
med krav til høgare utdanning har difor vore jamt veksande. Dale har også markert seg som kunstbygd med årleg teaterfestival og eit godt
utval av kulturarrangement gjennom året.
Avstand til:
- barnehage privat: 13 km
- barnehage offentleg: 13 km
- barneskule: 11 km
- ungdomskule: 12 km
- vidaregåande skule: 12 km
- daglegvareforretning og andre forretningar: 13 km
- kommunesenter: 13 km
- næraste by (Førde): 53 km
- Bergen: 169 km
Annonsetype:
Til salgs for 750 000,- kr
Publisert: