TANDEM VOSS FALLSKJERM.
Inntrykkene limer seg på sanseapparatet
Alle bør få lov å strekkje seg etter draumane sine!
- me vil berre hjelpe til... :)
Me hoppar tandem på Voss andre helga i månaden frå plenen nedom Fleischer's Hotel frå kl 1000.
11-12 juni
9-10 juli
13-14 aug
10-11 sept
Bestill hopp i dag, eller sjå kvar du kan finne oss neste gong på
www.tandemvoss.no
Ring for info:
Tlf [nummer]
ARRANGEMENT & FESTIVALAR
Gjer noko ekstra ut av feiringa;
inviter oss med på laget!
Ekstremsportsshow med fallskjermhopping, tandemhopp, vingedress, paragliding, BASE, swooping, røyk & flagg, fritt fall formasjonar, speedflying; Me skapar liv og
røre, og smittande livsglede!
Ved fem førehandsbestilte tandemhopp, kjem me hoppande inn til arrangementet med
helikopter og tandeminstruktørar som kan bli der heile dagen...!
DU KAN LANDE HEIME ... !
Har du drøymt om å kunne hoppe fallskjerm heime hjå deg sjølv? Den næraste parken eller opne området kan vere det som trengst. Ta kontakt for ein uforpliktande prat!
GÅVEKORT
Gje eit gåvekort på sjølve dagen, og planlegg tandemhoppet i lag med vener og kjente!
GRUPPERABATT
Bestill 10 tandemar og få ein gratis!!
PROVISJONSAVTALE
Vil du formidle tandemar for oss mot provisjon? Ta kontakt
TANDEM HELIKOPTER:
KR 3990
Utsprang 10000 fot med 30 sek fritt fall og 5 min i fallskjerm. Å hoppe tandem frå helikopter er ei særmerkt kjensle. Grunna den låge framoverfarten samanliknar mange utspranget med BASE-exit der det er "lufttomt" i starten, inntil ein har aksellerert til 200 km/t.
TANDEM HELI M/HANDYCAM:
KR 4750
Eit tandemhopp er ei så sterk oppleving, at det mest truleg vil følgje deg resten av livet. Investerer du i ein video av hoppet vil du kunne få fysiske kjensler av opplevinga når du ser filmen sjølv 20 år seinare.
Instruktøren filmar med eit kamera festa på handa, og du får redigert video av hoppet med musikk, samt stillbilete. Det vert filma både frå bakken, under opplæringa, i helikopteret, i fritt fall, under skjerm og ved landing.
FRITT FALL-PAKKE:
KR 4995
Innan- og utandørs Fritt Fall; vindtunnel og tandemhopp i fallskjerm!!!
Bygg opp ekstasen ved ein ekte prøveluft...:-)
Annonsetype:
Pris er ikke oppgitt
Publisert: